
_Kvardag_ Dei store stormane har du attum deg. Då spurde du ikkje kvi du var til, kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk, du berre var i stormen, var i elden. Men det gjeng an å leva i kvardagen òg, den grå stille dagen, setja potetor, raka lauv og bera ris, det er so mangt å tenkja på her i verdi, eit manneliv strekk ikkje til. Etter strævet kan du steikja flesk og lesa kinesiske vers. Gamle Laertes skar klunger og grov um fikentrei, og let heltane slåst ved Troja. Olav H. Hauge http://www.bergen.folkebibl.no/litteratur/Hauge-Tveitt/Hauge/hauge.html http://no.wikipedia.org/wiki/Olav_H._Hauge

