melk og brød

_Kvardag_

Dei store stormane

har du attum deg.

Då spurde du ikkje

kvi du var til,

kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk,

du berre var i stormen,

var i elden.

Men det gjeng an å leva

i kvardagen òg,

den grå stille dagen,

setja potetor, raka lauv

og bera ris,

det er so mangt å tenkja på her i verdi,

eit manneliv strekk ikkje til.

Etter strævet kan du steikja flesk

og lesa kinesiske vers.

Gamle Laertes skar klunger

og grov um fikentrei,

og let heltane slåst ved Troja.

Olav H. Hauge

gammelt hus

http://www.bergen.folkebibl.no/litteratur/Hauge-Tveitt/Hauge/hauge.html

http://no.wikipedia.org/wiki/Olav_H._Hauge

 

Tips oss hvis dette innlegget er upassende